Konsekvensar ved for lite mineral og vitamintilgang
Denne artikkelen tek for seg konsekvensar for ku og kalv ved mangel på mikromineral (sporelement) og vitamina A, D og E. Dei viktigaste mikrominerala det kan bli mangel på i Noreg er selen, jod og koppar.
Spesialrådgiver/veterinær i Tine
.jpg)
For kviger på beite kan det vera fordelaktig å gi ekstra tilskot med selen og andre mikromineral med tanke på eggstokkaktivitet og fruktbarheit om dei skal inseminerast ved innsett.
Foto: Rasmus Lang-Ree
Les meir:
Sjå au på buskap.no artikkel med oversikt over bolusar i nr. 4 i 2025
Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur. Dyret i seg sjølv treng ikkje å få synlege kliniske teikn ved mangel, men kan ha redusert produksjon, tilvekst eller fruktbarheit. Så skal ein au tenke på at det ikkje er berre å pøse på med vitamin og mineral, da ein kan nærme seg grensa for forgifting og eventuelt sjukdom/kliniske teikn på det og i verste fall med døden som fylgje. Meir er ikkje alltid betre!
Blodprøve for å sjekke status
For å avklare om ein er utanfor den grøne sona kan blodprøve av dyret — eventuelt både av kua og kalven, vera nyttig. Det er vanleg å analysere blod for selen, koppar, samt vitamin E og vitamin A med tanke på fruktbarhetsproblem i ei besetning. Ved kalveproblem er det aktuelt å analysere for jod, i tillegg. Ved mistanke om muskeldegenerasjon kan ein au analysere for muskelenzym som CK og AST. Før ein vurderer om det er mangel på mineral eller vitamin kan det vera nyttig å sjekke protein og energiforsyning og at det ikkje er diverse sjukdommar som kan vera årsak til problemet. God nok fôring er alltid viktig! Parasittførebygging er au viktig med tanke på ernæringstatus og tilvekst hjå kalv innandørs og hjå kalv og ungdyr på beite.
Geografiske forskjellar
.png)
Figur. Prinsippskisse over optimalt nivå av mineral, samt effektar av mangel eller overdosering.
Det er ulik risiko for mangel på mikromineral rundt om i Noreg. Selen-mangel kan vera aktuelt i heile landet, og i Sør-Noreg er innlandsområda i seg sjølv svake på selen og jod. Kopparmangel er vanlegast på Sørlandet, Rogaland og Vestland og i Lofoten/Vesterålen, men kan au finnast utanfor desse områda. Kopparforgiftning kan vera aktuelt i innlandsområde hjå sau, men ikkje storfe.
Selen og E-vitamin
Selen og E-vitamin nemnast saman da dei samverkar som viktige antioksidantar. Selen og E-vitamin spelar saman med å beskytte cellemembran i blant anna muskelceller. Sjukdomsteikn opptrer oftast ved mangel på både selen og E-vitamin. I tillegg er selen au viktig for immunforsvaret og i omsetninga av jod. Mangelsjukdom kan vera ernæringsbetinga muskeldegenerasjon hjå kalv og ungdyr (kjøttfe som veks raskt)og svakfødte kalvar som ikkje vil drikke eller drikk seint. Ein frisk og rask kalv er raskt oppe med hovudet etter fødsel, kjem seg opp i brystleie og står innan ein time, har god sugerefleks ein halvtime etter fødsel og vil drikke råmjølk Selen kan au ha effekt på reproduksjon og da sett i samanheng med betre embryooverleving. Effekt på cyster (eggblærer som ikkje brister i ein eggløysing), tilbakehalde etterbyrd og børinfeksjon og mastitt er meir sprikande og mange andre forhold spelar au inn. For cyster kan det vera like viktig å ha kontroll på fôringa før sining og gjennom tørrperioden da feite kyr raskt kan ende opp med cyster på eggstokken
«Meir er ikkje alltid betre!»
Tilskot til kviger på beite
For kviger på beite kan det vera fordelaktig å gi ekstra tilskot med selen og andre mikromineral med tanke på eggstokkaktivitet og fruktbarheit om dei skal inseminerast ved innsett. Selen/E-vitamin-injeksjon til kalv med mangel kan gje rask effekt. Men selen har au låg doseringsbreidde slik at overdosering og symptom på forgifting kan oppstå. Symptom på forgifting er lite vitalitet, bustete pels, stiv gange og i verste fall blindheit og død. Det er beskrive tilfelle av forgifting med selen etter injeksjon hjå kjøttfekalv der fleire kalvar døde i Norsk veterinærtidsskrift i 2021.
Dersom det er lågt nivå av E-vitamin, er det viktig at det er nok selen tilgjengeleg. Beite og ferskt gras er rikt på E-vitamin, men det blir brote ned av sollys. I grovfôr blir vitaminet degradert ved lagring, og sterk fortørking av gras kan au redusere nivået.
Jod
Jod inngår i tyroksin produsert i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er nødvendig for vekst, protein og energiomsetning. For ein nyfødd kalv er råmjølk den viktigaste jodkjelda. Mangel på selen kan forsterke jodmangel. Teikn på mangel er forstørra skjoldbruskkjertel (struma) hjå nyfødt kalv. Vidare kan jodmangel føre til abort, dødfødde/svakfødte kalvar, håravfall og nedsett fertilitet. Det kan vera mangel på jod i innlandet, medan det er god dekning langs kysten. Brassicaarter som raps i fôret kan føre til mangel på jod.
Koppar
Det er lite forskjell på kopparnivå i fôr og beite i Noreg. Mangel på koppar er sterkt påvika av molybden i fôret slik at det er forholdet mellom koppar og molybden som eventuelt kan gje kopparmangel. Koppar/molybden-forhold mindre enn 2:1 kan føre til kopparmangel. Kliniske teikn er avfarging av hårlag med “briller” rundt auga, anemi, osteodystrofi (beinsjukdom), nedsett immunforsvar, diaré og nedsett tilvekst. Mangel kan au føre til nedsett fertilitet.
Jern, kobolt, mangan og sink
Når det gjeld andre mikromineral så kan jernmangel føre til anemi, men er eit lite problem hjå storfe og kjem av andre tilstandar enn primær mangel. Koboltmangel er sjeldan og kan gje dårleg tilvekst. Manganmangel kan påverke fruktbarheit, og er heller ikkje noko problem i Norge. Sinkmangel kan føre til parakeratose (hudforandringer), pårvirke immunforsvaret, gje redusert appetitt og generell utrivelegheit og er lite problem på storfe.
Vitamin A
Mangel på vitamin A er sjeldan i Norge. Men kan førekomme på dårleg fôring og dårlege beiter. Mykje halm i fôrrasjon kan au vera ein risikofaktor. Mangel på vitamin A kan påverke fruktbarheit hjå ku og okse. Hjå kalv kan dødfødsel og svakfødt kalv finnast, mikroftalmi (underutvikla auge og eventuelt blindheit), nattblindheit, nedsett immunforsvar, dårleg vekst, diaré og redusert fôrinntak. Kalv er født med lite lager av vitamin A og heilt avhengig av å få vitaminet frå råmjølka.
Vitamin D
Vitamin D inngår i kalsium- og fosforomsetninga og såleis viktig for kua for å unngå mjølkefeber (kalsiummangel) like før/etter kalving. Hjå kalv og ungdyr kan mangel på vitamin D føre til rakitt (unormal beindanning og beinvekst). På vinterstid er det viktig med nok vitamin D i foret, da danninga er stimulert av sollys.

